Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Prioriterte område innanfor norsk utviklingshjelp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

Prioriterte område innanfor norsk utviklingshjelp

I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 1996 er ramma for utviklingshjelpa fastsett til 8,5723 mrd. kroner. Dette er ein auke på 656,7 mill. kroner eller nærare 8 prosent samanlikna med fjoråret. Prioriterte område i 1996 er sosiale tiltak, miljø og hjelp til flyktningar og menneskerettar.

Omlag 1,650 mrd. kroner, nær 20 prosent av budsjettet, vil gå til sosiale føremål i 1996. Dette er ein auke på omlag 250 mill. kroner samanlikna med 1995. I 1996-budsjettet blir det lagt sterkare vekt på primærhelse og grunnutdanning. Dette er i samsvar med tilrådinga frå folkesetnadskonferansen i Kairo, det sosiale toppmøtet i København og kvinnekonferansen i Beijing om at alle menneske skal sikrast visse sosiale grunnbehov. Å styrkje grunnleggjande sosiale tenester er avgjerande for den sosiale og økonomiske utviklinga til eit utviklingsland. Satsinga på dei sosiale grunnbehova skjer særleg gjennom fleire multilaterale organisasjonar, mellom anna FNs barnefond (UNICEF), Verdas helseorganisasjon (WHO), Verdas matvareprogram (WFP) og Verdsbanken. Samstundes vil den bilaterale utviklingshjelpa i større grad enn tidlegare bli retta mot sosiale tiltak. Satsinga vil vere spesielt retta inn mot kvinner og barn. Stønaden til barn vil særleg gå til grunnutdanning, helse og tiltak mot barnearbeid.

Utanriksdepartementet legg opp til ein monaleg auke i den delen av budsjettet som skal nyttast til miljørelaterte tiltak. Omlag 1,570 mrd. kroner, eller 18 prosent av budsjettet, vil gå til ulike miljøføremål. Dette er ein auke på omlag 240 mill. kroner. Auken er særleg retta mot det utvida samarbeidet med land i Asia som vart innleia i 1995. Bakgrunnen for denne satsinga er dei enorme miljøproblema med både globale og regionale konsekvensar som mange land i verdsdelen står overfor. Det høge folketalet og den raske økonomiske veksten i Asia gjer at problema vil auke kraftig om ikkje produksjonsmetoder blir endra og tiltak for å redusere skadelege utslepp blir sette i verk. Løyvinga vil bli nytta på område der Noreg har særleg kompetanse, røynsle og teknologi. Slik kompetanse kan finnast i norske offentlege og private institusjonar, organisasjonar og verksemder.

Utanriksdepartementet har budsjettert med 1,216 mrd. kroner til hjelp til flyktningar og menneskerettar. Dette er ein auke på 275 mill. kroner eller 29 prosent samanlikna med 1995. Trongen til hjelp vil framleis vere stor i det tidlegare Jugoslavia, i fleire land i Afrika og i Midt-Austen. Satsinga på flyktningar og menneskerettar er i samsvar med den heilskaplege flyktningepolitikken til Regjeringa.

Departementet ser det også som viktig å vere med på å styrkje dei norske organisasjonane og institusjonane sin innsats i utviklingssarbeidet, og ein vil leggje tilhøva til rette for samarbeid med norske verksemder.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen