Statsbudsjettet 1996 - Refusjonsordninga for å sikre sysselsetjing av norske sjøfolk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet
4. oktober 1995
STATSBUDSJETTET 1996
Refusjonsordninga for å sikre sysselsetjing av norske sjøfolk
Regjeringa vil legge forholda til rette for fortsatt utvekling av den maritime sektor. Arbeidet med å styrke tryggleiken til sjøs, både nasjonalt og internasjonalt, vert ført vidare.Ordninga med tilskot til sysselsetting av norske sjøfolk vert ført vidare på same nivå som til no.
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 200 millioner kroner for 1996 til refusjonsordninga for å sikre sysselsetjing av norske sjøfolk. Ordninga femnar om ca. 8000 sjøfolk, på i underkant av 500 fartøyer.
På oppmoding fra Regjeringa har konsulentselskapet ECON gjort ei kartlegging av ordninga. Rapporten frå ECON syner at ordninga har vore positiv for skip i NOR-registeret, men at effekten ikkje kan forsvare det omfanget og den utforminga ordninga har.
Regjeringa ynskjer å ta stilling til ordninga i ein brei samanheng og vil drøfte saka i den maritime meldinga som skal leggjast fram for Stortinget i haust. Etter at refusjonsordninga er drøfta, vil Regjeringa kome tilbake til omfang og utforming i Revidert Nasjonalbudsjett.
Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen