Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 -Utvalde samarbeidsland og regionar i utviklingshjelpa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

Utvalde samarbeidsland og regionar i utviklingshjelpa

Den sterke vekta på utvalde samarbeidsland og -regionar i bistanden vil halde fram i 1996. Det høgast prioriterte området er Afrika sør for Sahara, og då særleg det sørlege og austlege Afrika. Den økonomiske krisa held fram i desse landa og behovet for hjelp er stort. Over det bilaterale kapitlet er det sett av om lag 1,5 mrd. kroner til Afrika, og også frå fleire andre budsjettpostar vil midlar bli proriterte til denne regionen. I tillegg til programlanda, tek ein sikte på å stø den positive utviklinga i Sør-Afrika, Etiopia, Eritrea, Uganda og Angola.

Regjeringa tek også i budsjettet for 1996 sikte på å auke stønaden til tiltak i Asia, konsentrert om Sør-Asia og Indokina. India og Pakistan vil ikkje lenger ha status som programland, men det vil bli lagt opp til eit samarbeid med desse landa på einskilde område. Ein vil styrkje støtta til Laos, Kampuchea og Vietnam.

Regjeringa vil også styrkje satsinga på miljøtiltak i Asia på bakgrunn av dei alvorlege fylgjene som miljøproblema i denne regionen har både lokalt og globalt. Regjeringa gjer framlegg om å løyve 150 mill. kroner til denne nye satsinga i 1996.

I Mellom-Amerika vil bistanden halde fram på om lag same nivå som tidlegare. Det vil særleg bli lagt vekt på å gje vidare stønad til fredsprosessen i Guatemala.

Innan alle dei ovannemnde områda vil det regionale perspektivet bli styrkt. Dei tradisjonelle landprogramma vil framleis bli reduserte, medan regionalløyvingane vil auke. Dette vil gjere det mogeleg å tilpasse utviklingshjelpa til forholda i dei einskilde landa. Ein vil også i større grad tildele midlar til land som oppnår resultat med sin politikk.

Regjeringa legg også opp til mindre automatikk i overføringane til dei landa som har programlandstatus. Dette inneber at land sjølve må arbeide aktivt for å halde u-hjelpa dei mottek frå Noreg på eit høgt nivå.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen