Historisk arkiv

Stortingsmelding om Noregs deltaking i Europarådet i 1994

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


3. november 1995

Stortingsmelding om Noregs deltaking i Europarådet i 1994

- Utvidinga av Europarådet og dei utfordringane dette fører med seg prega den politiske debatten i organisasjonen i 1994. Med opptaket av Andorra i 1994 kom talet på medlemsland opp i 33, fem fleire enn i 1993. Ytterlegare åtte hadde søkt om medlemskap. Ivaretaking av hovudprinsippa for Europarådet si verksemd; demokrati, menneskerettar og rettstatsprinsippa sto sentralt i debatten om konsekvensane for utvidinga (St. meld. nr. 9, 1995-96).-

Stortingsmeldinga er ein brei gjennomgang av Noregs deltaking i Europarådet i 1994. Meldinga tar for seg den politiske utviklinga av Europarådet og samarbeidet på hovudområda som m.a. menneskerettar, media, sosiale og økonomiske spørsmål, ungdom og kultursamarbeid.

Den 10. november 1994 vedtok Ministerkomiteen ei erklæring om oppfølging av medlemskapspliktene, eit resultat av ein prosess der Noreg saman med Nederland spela ei pådrivarrolle. Erklæringa innebær at Ministerkomiteen skal vurdere medlemslanda si oppfølging av medlemskapspliktene som gjeld demokrati, menneskerettar og rettsstatsprinsippet.

Med etableringa av Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) i mars 1994 var hovudelementet i den norsk-initierte handlingsplanen mot rasisme på plass. Den europeiske ungdomskampanjen mot rasisme og intoleranse vart sett i verk 10. desember.


Lagt inn 6 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen