Historisk arkiv

Utanriksminister Godal i FN: Krev stopp i atomprøvesprengingane.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


25. september 1995

UTANRIKSMINISTER GODAL I FN: KREV STOPP I ATOMPRØVESPRENGINGANE.

Utanriksminister Bjørn Tore Godal kravde i det norske hovedinnlegget under opninga av FNs 50. generalforsamling i dag at atommaktene må stoppa vidare prøvesprengingar. Han beklaga sterkt dei franske og kinesiske atomprøvesprengingane og sa at dei kan vanskeleggjera forhandlingane i Geneve om ein fullstendig prøvestansavtale.

Godal tok og til orde for eit totalforbod når det gjeld produksjon, lagring, eksport og bruk av anti-personell landminer.

Utanriksminister Godal la i innlegget sitt hovedvekta på dei utfordringar FN står overfor i samband med organisasjonen sitt 50. årsjubileum. Han tok spesielt opp den finansielle krisa organisasjonen er inne i. - Situasjonen er no meir alvorleg enn nokon gong før, sa utanriksministeren og peika på at dette er eit klart brot på dei internasjonale plikter som dei enkelte medlemslanda har påteke seg. Han tok til orde for ei omstrukturering og modernisering av FN og sa at Noreg gjev full støtte til den reformprosessen som er innleia for å styrka organisasjonen. - Desse reformene bør inkludera ei utviding av medlemstalet i Tryggingsrådet, sa Godal.

Utanriksminister Bjørn Tore Godal understreka særleg fem hovedområde som FN no må prioritera i arbeidet for fred og ei berekraftig utvikling:

  • Regionale og lokale organisasjonar må setjast betre i stand til å handtera konfliktar.
  • Fleire land må vera villige til å stilla med personell til fredsbevarande operasjonar.
  • FNs evne til raskt å kunna reagera som svar på kriser må betrast. Noreg vil medverka aktivt i dette arbeidet.
  • Det internasjonale samfunn må leggja større vekt på konflikthindrande tiltak bl.a. ved å vera til stades i ustabile område med observatørar og anna personell.
  • I samband med FNs 50. årsjubileum må FN ta eit nytt initiativ for å fremja ei berekraftig utvikling og redusera fattigdom.

Utanriksministeren gratulerte i sitt innlegg partane i Midt-Austen med den nye historiske, israelsk-palestinske fredsavtalen som utvidar det palestinske sjølvstyret på Vestbreidda. Han oppmoda FNs generalforsamling til å støtta aktivt opp under fredsprosessen i Midt-Austen bl.a. gjennom økonomisk støtte til det palestinske folket. - Vår felles interesse av fred i Midt-Austen er det beste argument for å gje økonomisk støtte til dei palestinske områda, sa utanriksministeren.

Utanriksminister Godal kom i innlegget sitt og inn på situasjonen i tidlegare Jugoslavia. Han oppmoda alle partar i konflikten i tidlegare Jugoslavia til å visa atterhald og avstå frå å prøva å oppnå ytterlegare fordeler på slagmarka. - Det vil bli nødvendig med eit omfattande gjenoppbyggingsarbeid etter krigen som vi alt no må byrja å tenkja over. FN-systemet må ha ein sentral rolle saman med EU og andre land i arbeidet med å samordna dei ulike hjelpeprogramma. Noreg vil engasjera seg aktivt i dette arbeidet, sa utanriksminister Bjørn Tore Godal.


Lagt inn 26 september 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen