Historisk arkiv

Utanriksminister Godal om fredsprisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


13. oktober 1995

Utanriksminister Godal om fredsprisen

- Tildelinga av Nobels fredspris gjenspeglar det breie folkelege engasjementet mot atomvåpen, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal i ein kommentar til kunngjeringa frå Nobelkomiteen. Dette engasjementet er blitt ytterlegare forsterka både gjennom minnet om bombene over Hiroshima og Nagasaki for 50 år sidan og dei nylege atomprøvesprengingane.

- Nobelkomiteen har treft eit uventa men like fullt velgrunna val som vil gje ny inspirasjon til arbeidet for nedrusting og avspenning og for å gjera atomvåpna overflødige, seier utanriksminister Godal.

- Joseph Rotblat og Pugwash-konferansane har gjort ein stor innsats for å skapa større forståing mellom vitskapsfolk og politikarar på tvers av politiske skiljeliner om behovet for å redusera det kjernefysiske trugsmålet, seier Godal. Norske styresmakter har ved fleire høve støtta opp under det arbeidet prisvinnarane har gjort.

Utanriksdepartementet, 13. oktober 1995


Det Norske NobelinstituttSist oppdatert 26 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen