Utanriksminister Godal til Madrid for samtalar med EU-formannskapet 19.9.95
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 15.09.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet
15. september 1995
Utanriksminister Godal til Madrid for samtalar med EU-formannskapet 19.9.95
Utanriksminister Bjørn Tore Godal reiser tysdag 19. september til Madrid for å ha samtalar med den spanske utanriksminister Javier Solana. Besøket er eit ledd i dei avtalte kontaktordningane med EU-formannskapet om utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid.Utanriksministrane vil i samtalane bl.a. drøfta den vidare utviklinga av EU-samarbeidet med utgangspunkt i EUs traktatkonferanse i 1996, forholdet til dei Sentral- og Aust-europeiske land, europeiske tryggingspolitiske spørsmål, situasjonen i det tidlegare Jugoslavia og fredsprosessen i Midt-Austen.
Lagt inn 18 september 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen