Historisk arkiv

Utanriksministermøte i Barentsrådet i Rovaniemi 9.-10. oktober 1995

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


5. oktober 1995

Utanriksministermøte i Barentsrådet i Rovaniemi 9.-10. oktober 1995

Utanriksminister Bjørn Tore Godal reiser måndag til Rovaniemi i Finland for å delta på utanriksministermøte i Barentsrådet. På møtet deltar utanriksministrane for dei nordiske land og Russland samt representantar for EU-kommisjonen og dei land som har observatørstatus i Barentssamarbeidet.

Barentsrådet vil drøfta den vidare utvikling av Barentssamarbeidet. Næringslivssamarbeid og tiltak for å betra infrastrukturen i regionen vil bli viktige tema.

På møtet vil den russiske utanriksminister Andrej Kozyrev overta som formann i Barentsrådet etter den finske utanriksminister Tarja Halonen. Utanriksministrane i Barentsrådet møtest ein gong i året. Det forrige møtet vart halde i Tromsø i september 1994.

Møtet byrjar 10. oktober med eit felles møte mellom Barentsrådet og Regionrådet der leiarane frå fylka i dei medlemsland som utgjer Barentsregionen er med. Dette møtet blir etterfølgd av utanriksministermøtet.


Lagt inn 9 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen