Utanriksministermøte i NATO/NACC, OSSE og om gjennomføring av fredsavtalen for tidlegare Jugoslavia 5.-9.12.95.
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 30.11.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet
30. november 1995
Utanriksministermøte i NATO/NACC, OSSE og om gjennomføring av fredsavtalen for tidlegare Jugoslavia 5.-9.12.95.
Utanriksminister Bjørn Tore Godal skal i komande veke delta på utanriksministermøta i NATO og Det nord-atlantiske samarbeidsråd i Brussel 5. og 6. desember. Spørsmålet om NATO-utviding og forholdet til Russland blir eit sentralt tema på møta. Utanriksministrane skal og drøfta situasjonen i tidlegare Jugoslavia og innsetjing av den NATO-leia internasjonale styrken for gjennomføring av fredsavtalen på eit fellesmøte med forsvarsministrane tysdag 5. desember om ettermiddagen.
Utanriksministermøtet i OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) skal haldast dei påfølgjande dagane, 8.-9. desember, i Budapest. Hovedsaker på dette møtet blir OSSE sin rolle i Bosnia i oppfølgjinga av fredsavtalen og drøftinga av ein tryggingsmodell for Europa for det 21. århundre.
Utanriksminister Bjørn Tore Godal reiser deretter til London for å delta i utanriksministermøte 8.-9. desember om gjennomføring av fredsplanen for det tidlegare Jugoslavia. London-møtet vil i hovedsak konsentrera seg om oppfølgjinga av dei sivile deler av fredsplanen.
Lagt inn 6 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen