Historisk arkiv

Noreg og Tyskland inngår avtale om informasjonsutveksling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 128/96
18. oktober 1996

Noreg og Tyskland inngår avtale om informasjonsutveksling

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ein avtale med Tyskland om handsaming av gradert informasjon som vert utveksla mellom landa i samband med den offentlege forvaltninga eller offentlege kontraktar eller oppdrag.

Noreg og Tyskland har i dag ein avtale frå 1975 som berre gjeld handsaming av gradert militær informasjon. Den nye avtalen skal sikre at overføring og handsaming av gradert og ikke offentleg informasjon mellom Noreg og Tyskland skjer på forsvarleg vis. Avtalen omfattar informasjon som er gradert etter Sikkerhetsinstruksen eller Beskyttelsesinstruksen og informasjon som er unnateke offentleg innsyn etter Offentlighetslova. Den har ingen verknad på innhaldet i eller praktiseringa av Offentlighetslova.

Lagt inn 18 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen