Historisk arkiv

Norge vil på ny ta opp menneskerettssituasjonen i Tyrkia internasjonalt, seier utanriksminister Godal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 109/96, 17.09.96

Norge vil på ny ta opp menneskerettssituasjonen i Tyrkia internasjonalt, seier utanriksminister Godal

  • Dommen stiller Tyrkia til ansvar for overgrep mot kurdarane i landet, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg har slått fast at tyrkiske styresmakter var ansvarlege for brenning og øydelegging av ein kurdisk landsby i Søraust-Tyrkia i 1992. Dommen slår fast at dette var eit brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen og ei krenking av individuelle rettar for dei som er ramma.
  • Dommen i Den europeiske menneskerettsdomstolen stadfestar eit bilete av menneskerettssituasjonen i Tyrkia som er urovekkande, seier utanriksminister Godal. - Rapportar tyder diverre og på at hendinga i 1992 ikkje er noko eineståande tilfelle og at det framleis føregår brot på menneskerettane i landet.
  • Norske styresmakter har ved ei rekke høve, både i tosidige samtalar og i ulike internasjonale fora, teke opp situasjonen når det gjeld menneskerettane i Tyrkia, seier utanriksminister Godal. - På bakgrunn av dommen i Strasbourg vil vi no på ny ta saka opp i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Dei tyrkiske brot på menneskerettane bør stå høgt på den internasjonale dagsorden og dei ulike internasjonale menneskerettsmekanismer må aktiviserast for å øva press på Tyrkia, seier utanriksministeren.

Utanriksdepartementet, 17. september 1996

Lagt inn 17 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen