REGJERINGA GJER FREMLEGG OM 209 MILLIONAR KRONER TIL EKSPORTFREMJE OG INTERNASJONALISERING
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.1996 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
120/96
4. oktober 1996
REGJERINGA GJER FREMLEGG OM 209 MILLIONAR KRONER TIL EKSPORTFREMJE OG INTERNASJONALISERING
Regjeringa gjer fremlegg om ei løyving på 209,3 millionar kroner til eksportfremjing og internasjonaliseringstiltak i 1997. På same måten som for 1996 skal løyvinga fordelast på driftstilskot til Norges Eksportråd og på ulike internasjonaliserings- og eksportfremjande program.
Løyvinga til Norges Eksportråd skal tryggje eit godt tilbod til verksemdene i utlandet. Programma for internasjonalisering, som vert administrerte av Eksportrådet, og som tek sikte på å etablere strategiske samarbeidsprosjekt i næringslivet og hjelpe små og mellomstore verksemder, vil verte vidareførde.
Når det gjeld Utanriksdepartementet sin del av internasjonaliseringstiltaka vil desse m.a. gå til å føre vidare og utvikle regionale handlingsplanar med sikte på å oppmuntre til ny norsk satsing på viktige marknader som Asia, Latin-Amerika, det sørlege Afrika og Midt-Austen. Det er etablert eit eige prosjekt for å fremje ein større eksport av kulturbaserte produkt og tenester, Kultex. Prosjektet skal gjennomførast av Norges Eksportråd.
Vidare skal målsetjinga til Regjeringa om ein meir effektiv og målretta eksportpolitisk innsats tryggjast gjennom ei betre samordning av aktivitetane til dei ulike norske eksportfremjande institusjonanen heime og ute.
Lagt inn 4. oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen