Historisk arkiv

STYRKT REKRUTTERING AV NORSKE SJØFOLK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

117/96
4. oktober 1997

STYRKT REKRUTTERING AV NORSKE SJØFOLK

For å sikre grunnlaget for ein norsk sjømannsstand, i tråd med stortingsmeldinga "hvor fartøy flyte kan...", ynskjer regjeringa å videreføre og styrkje dei ulike ordningane for refusjon, rekruttering og forsking i skipsfarten.

For å betre opplæringa og auke rekrutteringa av norske sjøfolk vert det løyvd 75 millionar kroner til ei særskild refusjonsordning for NIS-skip. For å kome inn under denne ordninga må minst skipsleiinga, to vaksne underordna og to opplæringsstillingar vere fylde med sjøfolk som er skattepliktige til Noreg. Under denne ordninga vil det bli gjeve refusjon for ein større del av lønna til lågare offiserar og til sjøfolk i opplæringstillingar. Her vil Regjeringa, i tråd med Reform 94, legje tilhøva til rette for fleire lærling- og aspirantplassar. Samstundes vil Regjeringa legje vekt på å rekruttere fleire kvinner til sjømannsyrka.

Regjeringa gjer framlegg om at det vert løyvd 339 millionar kroner til den ordinære refusjonsordninga. For å komme inn under denne ordninga må skipa vere registrerte i det ordinære skipsregisteret NOR. Skipa kan også vere registrete i det norske internasjonale skipsregisteret NIS, men må då ha heilt norsk tryggingsmannskap, eller vere NIS-passasjerskip som satsar på norsk mannskap. Reiarlaga vil få dekta 19% av bruttoutgiftene til hyre for desse sjøfolka.

Regjeringa gjer óg franlegg om at det blir løyvd 5 millionar kroner for å styrkje den maritime forskinga. Pengane skal brukast til program som på sikt hevar kompetansen og verdiskapinga i verksemder som er knytte til det maritime miljøet.

-Vi legg vekt på at dei ulike ordningane skapar arbeidsplassar for norske sjøfolk på norske skip og videreutviklar eit breitt maritimt fagmiljø, seier handels- og skipsfartsminister Grete Knudsen. Men det er ein føresetnad for refusjonsordninga at næringa framleis klarar å halde kostnadsnivået under kontroll, og at dei tiltaka næringa har sett i verk for rekruttering og opplæring blir utvikla vidare, legg handels- og skipsfartsministeren til.

Lagt inn 4 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen