Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Noreg tek del i den ellevte kapitalpåfyllinga av Det internasjonale utviklingsfondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


07. juni 1996

Noreg tek del i den ellevte kapitalpåfyllinga av Det internasjonale utviklingsfondet

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag for Stortinget om at Noreg tek del i den ellevte kapitalpåfyllinga av Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) i Verdsbanken med eit bidrag på 1184 mill. kroner over tre år i 1996-98. Noregs del av påfyllinga utgjer 1,42 prosent, og er eit resultat av forhandlingar som har pågått i halvanna år.

Fondet blir administrert av Verdsbanken. Det gir utviklingshjelp til dei fattigaste landa, særleg i Afrika sør for Sahara, i form av rentefrie lån med lang tid for tilbakebetaling.

Noreg og dei andre nordiske landa utgjer ei viktig gruppe av gjevarar til IDA, og påtrykk frå dei nordiske land har medverka til viktige endringar i Verdsbanken og IDA sine prinsipp og retningsliner. Forhandlingane om kapitalpåfyllinga synte at det er brei semje blant gjevarane om å styrke fondet si overordna målsetting om reduksjon av fattigdom gjennom langsiktig og berekraftig sosial og økonomisk utvikling. Særskilt viktig i denne samanhangen vil vere satsing på helse og utdanning, kvinner og barn, vern av miljøet, økonomiske reformer, spørsmål om gjeld og utvikling av næringslivet.

Forhandlingane om finansieringa av kapitalpåfyllinga trakk ut. Det var vanskeleg å få store nok bidrag frå enkelte av dei store gjevarane. Det vart likevel semje om eit nivå for påfyllinga som gjer at IDA held oppe si sentrale rolle i det multilaterale systemet med ein samla kapasitet for utlån på om lag 20 milliardar dollar over dei neste tre åra.


Lagt inn 7 juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen