Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Noreg og Azerbaidsjan underteiknar skatteavtale.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


24. april 1996

Noreg og Azerbaidsjan underteiknar skatteavtale.

Næringsminister Jens Stoltenberg og den azerbaidsjanske utanriksminister Hassan Hassanov underteikna i Oslo i dag ein skatteavtale mellom Noreg og Azerbaidsjan.

Føremålet med avtalen er å hindre dobbelskattlegging og førebyggje skatteundraging. Forhandlingar om ein skatteavtale vart sett i gang i 1995 etter initiativ fra norske styresmakter. Bakgrunnen for initiativet var ikkje minst det omfattende norske engasjement i å utvikle oljeverksemda i Azerbaidsjan. Avtalen vil vere tilpassa dei nye økonomiske forholda i Azerbaidsjan og vil difor vere med på å leggje forholda til rette for utvida økonomisk samkvem mellom dei to landa.

Avtalen følgjer i store trekk det mønsterutkast for slike avtalar som er utarbeidd i OECD og som er lagt til grunn i Noreg sine skatteavtalar med andre land dei seinare åra. Det er teke inn enkelte særlege reglar mellom anna om hjelp til innkreving av ubetalte skattar.

Avtalen vil få verknad frå første året etter at partane har varsla kvarandre om at dei forfatningsrettslege vilkåra for at avtalen skal tre i kraft er gjennomførte i begge landa.


Lagt inn 25 april 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen