Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Oppheving av dei økonomiske sanksjonane mot Bosnia-Hercegovina.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


8. mars 1996

Oppheving av dei økonomiske sanksjonane mot Bosnia-Hercegovina.

Utanriksdepartementet har i dag gjort vedtak om endring i forskrifta om dei økonomiske sanksjonane mot dei serbisk-kontrollerte områda av Bosnia-Hercegovina. Endringa inneber oppheving av desse sanksjonane. Vedtaket er ei oppfølging av Tryggingsrådet i FN sin resolusjon nr. 1022 (1995), som blei vedteke 22. november 1995. Bakgrunnen for resolusjonen var fredsavtala for Bosnia, som partane blei samde om i Dayton i USA 21. november 1995. Resolusjonen sette som vilkår for den midlertidige opphevinga av sanksjonane mot dei bosniske serberane at alle bosniske serberstyrkar hadde trekt seg bak separasjonssonene som er oppretta i fredsavtala. Dette vilkåret er no oppfylt, og blei stadfesta av Tryggingsrådet i FN 27. februar i år.

Forskriftsendringa gjes verknad frå 27. februar 1996.

Etter Tryggingsrådet sin resolusjon nr. 1022 kan dei økonomiske sanksjonane innførast på nytt på kort varsel hvis dei bosniske serberstyresmaktene ikkje oppfyller pliktene sine etter fredsavtala.


Lagt inn 12 mars 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen