Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Regjeringa gjer framlegg om ratifikasjon av konvensjon om internasjonale adopsjonar.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


31. mai 1996

Regjeringa gjer framlegg om ratifikasjon av konvensjon om internasjonale adopsjonar.

Regjeringa har i dag vedteke å leggje fram St prp nr. 77 om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 29. mai 1993 om vern av born og samarbeid ved internasjonale adopsjonar, vedteke av Haagkonferansen for internasjonal privatrett. Konvensjonen medverkar til å sikre borns interesser og hindre kjøp og sal av born ved adopsjon over landegrensene.

Konvensjonen er underteikna av 25 land, mellom dei Noreg.Til no har 10 land ratifisert konvensjonen.

Konvensjonen er basert på prinsippa i FNs barnekonvensjon, og har følgjande føremål:

  • å tryggje at internasjonale adopsjonar berre finn stad til beste for borna og at dei tek omsyn til deira grunnleggjande rettar,
  • å skape eit system for samarbeid mellom landa for å hindre bortføring av eller handel med born,
  • å sikre at landa godkjenner adopsjonar som er gjort i medhald av konvensjonen.

Konvensjonen er i samsvar med norsk adopsjonslovgjeving og administrativ praksis i slike saker og oppfyller dei tryggingsgarantiar som konvensjonen krev. Det er i dag tre foreningar som driv aktiv adopsjonsformidling med løyve frå styresmaktene, og under deira tilsyn.


Lagt inn 31 mai 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen