Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Regjeringa foreslår ratifikasjon av FN-avtalen om fiske på det opne hav

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


29. mars 1996

Regjeringa foreslår ratifikasjon av FN-avtalen om fiske på det opne hav

Regjeringa la i dag fram stortingsproposisjonen om samtykke til ratifikasjon av FN-avtalen av 4. desember 1995 om gjennomføring av reglane i FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 om bevaring og forvaltning av vandrande og langtmigrerande fiskebestandar. 30 land har underteikna avtalen, som førebels ikkje er ratifisert av noko land. Samla sett representerer avtalen eit internasjonalt gjennombrot for tanken om forsvarleg forvaltning av vandrande og langtmigrerande fiskebestandar.

Avtalen supplerer havrettskonvensjonen og gir ei folkerettsleg ramme for framtidige bevarings- og forvaltningsregime for vandrande og langtmigrerande bestandar. Den gjeld i hovedsak bare på det opne hav. Det berande prinsipp i avtalen er kravet om samsvar mellom forvaltninga av fiskeressursane på det opne hav og i dei tilgrensande nasjonale farvatn. Fiskeriforvaltninga på det opne hav skal ta omsyn til kyststatane sine forvaltningstiltak og ikkje undergrava desse. Sonetilhøyrsla for bestanden skal vera avgjerande for kor mykje som kan bli fiska på det opne hav. Avtalen inneber og at prinsippet om eksklusive rettar for flaggstaten blir innskrenka ettersom og andre statar som er medlemmer av det relevante fiskeriforvaltningsorgan, får rett til å handheva avtalen overfor avtalepartane.


Lagt inn 29 mars 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen