Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Regjeringa foreslår ratifikasjon av FN's havrettskonvensjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


22. mars 1996

Regjeringa foreslår ratifikasjon av FN's havrettskonvensjon

Regjeringa la i dag fram stortingsproposisjonen om samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982, med erklæringar, og om tilslutning til avtale av 28. juli 1994 om gjennomføring av del XI i havrettskonvensjonen. Vidare er det lagt fram ein odelstingsproposisjon om dei lovendringane som ein ratifikasjon vil krevja.

Havrettskonvensjonen tok til å gjelde i november 1994, og er det mest omfattande avtaleverk innan FN. Gjennom å presisere etablert sedvanerett og fastleggje ny havrett, gir konvensjonen eit samla regelverk for fredeleg utnytting av havet og havbotnen. Konvensjonen inneheld føresegner om fiskeri, verksemd på kontinentalsokkelen, skipsfart, miljøvern og andre viktige område innan havretten.

Noreg og 159 andre statar har underteikna konvensjonen. Men saman med dei fleste andre industriland har Noreg ikkje ratifisert avtalen fordi det har vore strid om del XI som gjeld utnytting av havbotnen på dei store havdjup utanfor nasjonal jurisdiksjon. Denne striden er no løyst gjennom ein avtale av 28. juli 1994 om gjennomføring av del XI, som endrar dei føresegnene som gjorde at industrilanda ikkje ville late seg binde av konvensjonen.

Havrettskonvensjonen inneber at det vil bli oppretta tre nye internasjonale institusjonar; Den internasjonale organisasjon for havbotnen (Jamaica), Den internasjonale domstol for havrett (Hamburg) og Kommisjonen for yttergrensa av kontinentalsokkelen utanfor 200 nautiske mil.

Norsk rett er i hovedsak i samsvar med regelverket i havrettskonvensjonen. Ratifikasjon av konvensjonen vil likevel krevje enkelte nye lovendringar, slik som foreslått i den framlagde odelstingsproposisjonen.


Lagt inn 27 mars 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen