Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Trygdeavtale mellom Noreg og Austerrike

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


22. mars 1996

Trygdeavtale mellom Noreg og Austerrike

Regjeringa har idag vedteke å underteikne ein ny avtale om trygdestønad med Austerrike. Avtalen kjem i staden for ein tidlegare avtale om same sak mellom dei to landa. Den nye avtalen fyller ut EØS-avtalen ved å omfatte personar og stønadsområde som ikkje er dekte der. Mellom anna kan dette, på nærare fastsette vilkår, gjelde borgarar av tredjeland som er omfatta av lovgjevinga i eitt av dei to landa.

Avtalen omfattar dei same trygdeordningane som EØS-avtalen (medisinsk stønad, kontantytingar ved sjukdom, graviditet og fødsel, ytingar ved alder, til uføre og til etterlatne, ytingar ved yrkesskade/yrkessjukdom, ytingar ved arbeidsløyse, familieytingar og gravferdshjelp). Avtalen er i hovudsak basert på prinsippa i EØS-avtalen også for persongrupper som ikkje er dekka av denne, men med einskilde unntak når det gjeld reglane for ytingar ved arbeidsløyse og familieytingar.

Avtalen omfattar og medisinsk stønad. Dette sikrar mellom anna personar frå det eine avtalelandet sjukehjelp under mellombels opphald i det andre landet mot framsyning av prov på rett til trygd i heimlandet.

I samband med avtaleinngåinga har partane også vorte samde om oppgjersrutiner for utgifter til medisinsk kontroll og hjelp samt administrative utgifter.


Lagt inn 26 mars 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen