Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Utanriksminister Godal møter sine nordiske og baltiske kolleger.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet

Nr. 99/96
19. august 1996

Utanriksminister Godal møter sine nordiske og baltiske kolleger.

Utanriksminister Bjørn Tore Godal skal delta på det nordisk-baltiske utanriksministermøtet i Riga 20.8. og det nordiske utanriksministermøtet i Borgå (Finland) 20.-21.8.

Hovudtemaet på møtet i Riga er samarbeidet mellom Estland, Latvia og Litauen og Norden, ikkje minst med sikte på at dei baltiske landa skal kome stadig sterkare med i det europeiske samarbeidet.

Samarbeidet med dei nordiske nærområda, herunder Baltikum, vil også stå sentralt på det nordiske utanriksministermøtet. Der vil det m.a. også bli utveksla synspunkt på Nordens forhold til utviklinga i EU, Russland, det tidlegare Jugoslavia, Midtausten og FN.

Finland har hatt formannskapet for dei tre nordiske utanriksministermøta i år, medan det neste år er Norge som står for tur. Det nordisk-baltiske utanriksministermøtet pleier finne stad éin gong i året i tilknytning til eit nordisk møte.


Lagt inn 19 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen