Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Vern av faste kulturminne

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


19. juli 1996

Vern av faste kulturminne

Regjeringa har i dag vedteke å ratifisere konvensjon av 3. oktober 1983 om vern av faste kulturminne. Han opnar for områdevern i tillegg til det tradisjonelle vernet av einskilde-monument, og legg vekt på integrering av kulturminnevern i det generelle arbeidet med samfunnsplanlegging. Han byggjer delvis på internasjonale prinsippfråsegner for vern av kulturminne, som Venezia-charteret frå 1965 og UNESCO-konvensjonen frå 1972 om vern av verdskultur og naturarven.

Ministerkomiteen til Europarådet plukka i 1983 ut ei gruppe ekspertar til å utarbeide konvensjonsteksten. Konvensjonen vart opna for underteikning på den andre europarådskonferansen for ministrar med ansvar for kulturminnevern i Granada 3. oktober 1985. Han vart då underteikna av den dåverande miljøvernministeren i Noreg, Rakel Surlien, saman med representantar for 15 andre nasjonar. Konvensjonen vart sett i kraft 1. desember 1987.

Konvensjonen vil bli eit vesentleg hjelpemiddel i arbeidet for vern av den europeiske kulturarven, ikkje minst i dei nye medlemslanda i Europarådet. Difor er det viktig at dei landa som no står fram som rådgjevarar for arbeidet med kulturminnevern i dei nye demokratia i Europa, ratifiserar denne konvensjonen.

Noreg er blant dei landa i Europa som har kome lengst i eit målmedvite arbeid for å integrere kulturminnevernet, ikkje berre ved planlegging, men også i dei andre samfunnssektorane. Det viktigaste innhaldet i konvensjonen er allereie dekt av kulturminnelova og av føresegner i plan- og bygningslova, og innarbeidd i norsk forvaltningspraksis.


Lagt inn 19 juli 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen