Nye reglar om konkurransebegrensande avtalar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 18.12.2015
Nye reglar om konkurransebegrensande avtalar i arbeidslivet trer i kraft frå nyttår.
Reglar om konkurranseklausular fins i dag i avtalelova. Reglane er lite oppdaterte, dei er fragmentariske og gir dårleg rettleiing, både for arbeidstakar og arbeidsgivar.
Kunde- og rekrutteringsklausular er ikkje lovregulerte. Dei nye reglane om konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausular kjem no inn i arbeidsmiljølova, i nytt kapittel 14 A. Det vil gjere det enklare å finne fram til og forholde seg til reglane, og gjere bruken av konkurransebegrensande avtalar meir målretta.