Saman mot arbeidslivskriminalitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 11.12.2015
– Kampen mot arbeidslivskriminalitet har høg prioritet i regjeringa, sa arbeids- og sosialministeren då han gjesta Næringsforeningen i Trondheimsregionen 10. desember.
Hovudbodskapen frå regjeringa er at det skal bli enklare å drive seriøst, og vanskelegare å vere kjeltring.
– Vi kan aldri seie at vi gjer nok, eller at vi er på forskot. Men vi kan minske avstanden, og ta kjeltringane raskare, seier statsråden.
Regjeringa samarbeider tett med partane i arbeidslivet i kampen mot arbeidslivskriminalitet, og vil vidareutvikle det gode samarbeidet mellom Arbeidstilsynet, skatteetaten, politiet og NAV for å bli enda meir slagkraftige. Neste år blir det oppretta to nye samlokaliserte einingar der etatane skal samarbeide for å kjempe mot arbeidslivskriminalitet.