Godt møte om faglig påfyll for arbeidslause ingeniørar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 25.04.2016
– Eg er glad for å høyre at regjeringa sitt forslag om å endre dagpengeregelverket blir tatt godt imot av både organisasjonane og utdanningssektoren. For å sikre at arbeidsledige kan få fagleg påfyll medan dei går på dagpengar, må vi samarbeide betre på tvers av sektorar, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Torsdag 21. april inviterte Hauglie saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til eit møte for å sjå på kva mogelegheiter dei nye reglane for dagpengar gir arbeidslause ingeniørar. Denne yrkesgruppa er blant dei som har hatt høgast auke i arbeidsløysa det siste året. Dei inviterte var: NITO, Tekna, NHO, KS, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Høgskolen i Oslo og Akershus, Universitetet i Stavanger, NTNU og Universitetet i Agder.
Enklare å kombinere
Regjeringa har foreslått å gjere det enklare å studere medan ein går på dagpengar. Mellom anna har det ikkje tidlegare vært mogeleg å ta opplæring på dagtid, men med regjeringa sitt forslag vil ein arbeidsledig på dagpengar kunne ta opplæring med 10 studiesamlingar på dagtid per semesteret utan å miste dagpengane. Ein vil også kunne fortsette på ei opplæring som blei starta før personen mista arbeidet. Arbeidsministeren og kunnskapsministeren meinte begge at dei nye reglane gir rom for å tilpasse eksisterande studieløp, men også for å tenke nytt innanfor dei faglege krava som er stilt til utdanningane i dag.
Var positive
NTNUs Ragna Ann Berge kunne fortelje at fleire av deira kurs allereie kan kombinerast med dagpengar. Rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus støtta endringa og sa at skulen no skal sjå på korleis tilbodet kan tilpassast. Medan Universitet i Stavanger og Universitet i Agder hadde fleire innspel til betringar i regelverket slik det er i dag. KS og NHO orienterte om at det er etterspørsel etter ingeniørar i kommunane og næringslivet. Deltakarane var samde om at det var nyttig å samle sentrale aktørar på tvers av sektorar. Nito og Tekna ønska endringane velkomne, men hadde også fleire innspel til ytterlegere tilpassing av dagpengeregelverket.
Vi kan få til mykje
– Hovudregelen ligg fast, når ein er på dagpengar skal ein søke jobb og vere tilgjengeleg på arbeidsmarknaden. Vi vurderer heile tida kva endringar som er gode. Men vi trur at vi kan få til mykje bra med dei endringane vi no foreslår. Og eg fekk stor tru på at utdanningssektoren ser at dei her kan få ei ny gruppe studentar, seier Hauglie.
Forslaget er no til handsaming i Stortinget.