Nye reglar mot vald og truslar i arbeidslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 17.11.2016
Arbeids- og sosialdepartementet har vedteke nye reglar om vald og truslar om vald i arbeidslivet.
Dei nye føresegnene stiller mellom anna
- krav om at verksemdene skal kartlegge kva risiko det er for at arbeidstakarane kan bli utsette for vald eller truslar,
- at arbeidstakarane får naudsynt opplæring i førebuing og handtering av vald- og trusselsituasjonar,
- at arbeidstakarane og deira tillitsvalde får naudsynt informasjon, m.a. om kva for rutinar som er sette i verk for å førebue, handtere og følge opp vald- og trusselsituasjonar,
- at verksemdene gjennomfører dei tiltaka som må til, og at tilsette som blir utsette for vald og truslar blir følgde opp på ein god måte i etterkant.
Dei nye føresegnene trer i kraft 1. januar 2017.
Du finn føresegnene om vald og truslar i arbeidslivet her (PDF)