Styrkjer godkjenningsordninga for reinhald
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 20.12.2017
1. januar blir det gjort gjeldande endringar i forskrift om godkjenning av reinhaldsverksemder som styrkjer godkjenningsordninga for reinhald.
Reinhaldsregisteret er offentleg tilgjengeleg via Arbeidstilsynets nettsider. Registeret gjer det enkelt for dei som skal kjøpe reinhald å sjekke om reinhaldsverksemda er godkjent.
Ei av forskriftsendringane departementet har fastsett inneber at Arbeidstilsynet kan avvise gjentekne søknadar om godkjenning utan realitetsbehandling, dersom tilsynet meiner verksemda prøver å omgå krava i forskrifta. Lova gir høve til at ein kan tilby reinhaldstenester frå det tidspunktet ein har søkt om godkjenning. Den nye føresegna vil hindra at verksemder kan søkje fleire gonger utan å fylle vilkåra, berre for å få stå i reinhaldsregisteret og dermed kunne selje sine tenester lovleg medan søknaden er til behandling.
Ei ny føresegn slår òg fast at godkjente verksemder kvart tredje år må sende inn dokumentasjon som syner at dei fortsatt oppfyller vilkåra for å være godkjende. Dette for å hindre at verksemder kan halde fram med å vere godkjende utan å oppfylle vilkåra.
Det er òg gjort enkelte andre mindre endringar i forskrifta. Endringane blir gjort gjeldande 1. januar 2018, med unntak av føresegna om dokumentasjonsplikt kvart tredje år, som blir gjort gjeldande frå 1. april 2018.
Forskrift om godkjenning av reinhaldsverksemder er tilgjengeleg her (forskriftsendringane kunngjørast av Lovdata om kort tid)
Reinhaldsregisteret finn du her (Arbeidstilsynet.no)