Svar til ESA om allmenngjering av reise, kost og losji
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 07.04.2017
Partane arbeider no med å finne løysing på korleis ein skal regulere dekking av utgifter til reise, kost og losji i allmenngjeringsforskriftene.
Dette skriv Arbeids- og sosialdepartementet i brev til ESA i dag.
I oktober 2016 opna ESA formell sak mot Noreg med påstand om at dei norske reglane om allmenngjering av utgifter til reise, kost og losji er i strid med utsendingsdirektivet.
– Eg har bede dei partane det gjeld arbeide saman for å finne ei avtalebasert løysing på saken. ESA har akseptert ein slik prosess og bede om å bli jamleg orientert om status i arbeidet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
– Dei tilbakemeldingane vi har fått tyder på at partane har etablert ein god dialog, og at arbeidet er i godt gjenge. Eg er glad for at partane tar ansvar i denne saka, seier statsråden.
Saka vil vere gjenstand for forhandling ved lønnsoppgjeret våren 2018.