Vedtak frå Tariffnemnda
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 12.05.2017
Tariffnemnda har fatta vedtak om vidareføring av allmenngjering av tariffavtale i tre bransjar, og om justering i lønssatsane i seks allmenngjeringsforskrifter.
Vidareføring av allmenngjering av tariffavtaler
31. mars 2017 fatta Tariffnemnda vedtak om vidareføring av allmenngjering av tariffavtale i tre bransjar. Vedtaka gjeld:
- reinhaldsbedrifter,
- godstransport på veg, og
- persontrafikk med turbil.
Dei nye allmenngjeringsforskriftene tek til å gjelde 1. juni 2017.
Vedtaka finn du på Tariffnemndas nettside.
Vedtak om justering i lønssatsar
5. mai 2017 fatta Tariffnemnda vedtak om justering i lønssatsane i seks allmenngjeringsforskrifter som følgje av mellomoppgjeret i 2017. Vedtaket gjeld:
- jordbruks- og gartnerinæringa,
- byggeplassar,
- reinhaldsbedrifter,
- fiskeindustribedrifter,
- elektrobransjen, og
- skips- og verftsindustrien.
Dei nye lønssatsane tek til å gjelde 1. juni.