Rikslønnsnemnda nemnt opp for ny periode
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 01.03.2019
Kongen i statsråd har i dag nemnt opp medlemer og varamedlemer i Rikslønnsnemnda for perioden 1. mars 2019–28. februar 2022. Sorenskrivar Liv Synnøve Taraldsrud held fram som leiar i nemnda.
Seniorforskar Erling Barth er nemnt opp att som nøytral medlem, og dr. juris. Gøril Bjerkan er nemnt opp som den tredje nøytrale medlemen i nemnda.
Når Rikslønnsnemnda handsamar ein tvist etter arbeidstvistlova, møter partane i tvisten med to medlemer kvar seg. I tvistar etter tjenestetvistlova møter partane med ein medlem kvar seg. Ein medlem frå kvar av partane har saman med dei tre nøytrale medlemene stemmerett i saker etter begge lover.
I saker i Rikslønnsnemnda møter også to faste medlemer utan stemmerett som representerer arbeidstakar- og arbeidsgivarinteresser generelt. Første nestleiar i LO Peggy Hessen Følsvik er ny representant for arbeidstakarinteresser i tvistar etter arbeidstvistlova og forhandlingsdirektør Rolf Negård frå NHO held fram som representant for arbeidsgivarinteresser i tvistar etter arbeidstvistlova.
I tvistar etter lova om offentlege tjenestetvistar er leiar i LO Stat Egil André Aas ny representant for tjenestemannsinteressene, og personaldirektøren i staten Gisle Norheim held fram som representant for staten sine interesser.
Om Rikslønnsnemnda
Rikslønnsnemnda er oppretta med heimel i lov om lønnsnemnd i arbeidstvistar og lov om offentlege tjenestetvistar. Rikslønnsnemnda handsamar interessetvistar som partane i ein tvist ønsker at nemnda skal avgjere, og tvistar som Stortinget vedtek at skal løysast ved tvungen lønnsnemnd.