Dykkaroperasjonar og losing under arbeidsmiljøloven
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 07.05.2021
Kongen i statsråd har i dag formelt sanksjonert Stortingets lovvedtak om at dykkaroperasjonar og losing er omfatta av arbeidsmiljøloven.
Lovvedtaket inneber at all arbeidsdykking i norsk farvatn skal skje under arbeidsmiljøloven, også når dykking går føre seg frå skip og av påmønstra mannskap.
Trer i kraft når regjeringa bestemmer det
Alle lovar må sanksjonerast (godtakast) av Kongen for å vere gyldige. Sanksjon skal skje utan ugrunna opphald. Av den kongelige resolusjonen går det vidare fram at regjeringa seinare vil komme tilbake til spørsmålet om når loven skal tre i kraft.
Prosess med partane
Stortinget fatta også tre anmodningsvedtak i saka. Desse følgjer regjeringa også opp i dialog med partane i arbeidslivet.