Tydelegare aktivitetskrav i stønadene til einslege foreldre
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 6 | Dato: 07.05.2015
Regjeringa sende torsdag 7. mai eit lovforslag til Stortinget om endringar i overgangsstønaden, utdanningsstønaden og stønad til barnetilsyn.
– Vi forenklar og arbeidsrettar stønadene til einsleg mor eller far slik at ordningane blir meir forståelege for brukarane og fleire kan kome raskare i arbeid, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.
Regjeringa foreslår blant anna å:
- Redusere perioden stønadane kan takast med til utlandet frå seks månader til seks veker.
- Innføre sanksjonar, slik at stønadane blir stansa i ein månad dersom aktivitetsplikta blir broten.
- Innføre krav om at den konkrete utdanninga må godkjennast som nødvendig og formålstenleg for å få den aktuelle brukaren i arbeid.
- Behandle personar som har vore, eller blir gift eller sambuande, meir likt når det gjeld rett til stønad.
- Endre aldersvilkåret for barnet. I dag kan ei einsleg mor eller ein einsleg far få overgangsstønad fram til barnet fyller åtte år. Regjeringa foreslår at aldersvilkåret blir endra til ordinær skulestart - det året barnet fyller seks år.
- Maksimal lengde på overgangsstønaden ligg fast på tre år med mogleg forlenging i inntil tre år ved utdanning.
– Vi reduserer moglegheita til å ta med trygdeytinga ut i meir enn seks veker. Dette gjer vi for å sikre yrkesretta aktivitet og for å kunne følgje opp stønadsmottakarane på ein betre måte, seier statsråden.