Vil hjelpe fleire flyktningar raskare ut i jobb
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 11 | Dato: 11.05.2016
Regjeringa foreslår i RNB å styrke løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 6 millionar kroner til å drive yrkesrettleiing av flyktningar etter at karrieresentra har kartlagt deira kompetanse.
– Mange av flyktningane som kjem hit er i utgangspunktet ressurssterke folk. Difor er det viktig at vi på eit tidleg tidspunkt kartlegger den enkeltes kompetanse slik at vi kan ta i bruk deira kunnskap og erfaring på best mogleg vis, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Flyktningane si yrkesdeltaking i Noreg har tradisjonelt vore mykje lågare enn for resten av befolkninga, særleg gjeld det dei med låg utdanning. Dei risikerer å bli ståande på utsida av samfunnet. Å kartlegge flyktningane sin kompetanse på eit tidleg tidspunkt og gi språkopplæring, er heilt avgjerande for å lukkast.
Regjeringa vil gjennomføre kompetansekartlegging av personar som bur i asylmottak for å få til ei betre ressursutnytting og meir målretta vidare oppfølging.
– På det viset kan den enkelte få eit tilbod som både er meir tilpassa kompetansebakgrunn, føresetnader og behov, seier statsråden.
Når kompetansekartlegginga er gjennomført skal ho følgast opp av tilbod om rettleiing, kvalifisering, utdanning og arbeid knytta opp mot busetting, arbeidslivsbehov og utdanningstilbod i ulike delar av landet der flyktningane bur.
De fylkesvise karrieresentra vil difor få eit utvida oppdrag om å gjennomføre rettleiing for bebuarar i mottak med utgangspunkt i kartlegginga.