1700 færre heilt arbeidslause
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 41 | Dato: 01.12.2017
– Talet på arbeidssøkarar har gått kraftig ned det siste året og arbeidsløysa er på same nivå som før oljebremsen, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i ein kommentar til nye tal for registrerte arbeidslause hjå Arbeids- og velferdsetaten.
Nedgangen i registrert arbeidsløyse det siste året har vore særleg sterk dei siste to månadane. Det blir færre arbeidslause i fylka og yrka som opplevde den største auka etter oljeprisfallet i 2014. Rogaland har den største nedgangen i talet på arbeidslause (minus 32 prosent) og arbeidsløysa har gått mest ned for personar med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag (minus 34 prosent).
– Det blir færre arbeidslause og fleire i jobb. Vi skal brette opp erma for at enda fleire av dei som står på utsida kjem inn i arbeidslivet igjen. Vi treng så mange som mogeleg i jobb framover, seier statsråden.
Fakta om arbeidsløysa i november 2017
- Ved utgangen av november var det registrert 64 216 heilt ledige arbeidssøkarar. Det er 14 000 færre enn på samme tid i fjor.
- I tillegg var det 20 502 arbeidssøkarar på tiltak.
- Talet på heilt ledige målt som del av arbeidsstyrken og justert for normale sesongvariasjonar var i november 2,4 prosent. Det er 0,1 prosentpoeng lågare enn i forrige månad og 0,5 prosentpoeng lågare enn på same tid i fjor.