Fjernar avkorting for fosterforeldre
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 33 | Dato: 12.10.2017
Regjeringa foreslår ei overgangsordning slik at fosterforeldre som tar imot dagpengar og arbeidsavklaringspengar ikkje blir avkorta.
Forslaget inneber auka løyvingar på 8 millionar kroner til dagpengar og 17 millionar kroner til arbeidsavklaringspengar.
– Fosterforeldre tek på seg store omsorgsoppdrag for samfunnet, og det er viktig at vi gir dei gode rammer slik at fleire kan gi omsorg til barn som treng det, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Ordninga fører til at fosterforeldre med dagpengar og arbeidsavklaringspengar blir fritekne frå avkorting, slik at arbeidstimar knytt til det å være fosterforeldre ikkje lenger vil føre til avkorting av dagpengar og arbeidsavklaringspengar. Endringane skal gjelde for alle fosterforeldre med verknad frå 1. januar 2018. Regjeringa foreslår denne overgangsordninga medan ein ventar på det offentlege nedsette utvalet som skal gå gjennom rammevilkåra for ordinære fosterheimar.