1700 færre arbeidslause
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 13 | Dato: 01.06.2018
– Gode mai-tal frå NAV syner at oppturen held fram med stor styrke. Fleire kjem i jobb og færre er ledige, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
I mai månad blei det registrert 1700 færre arbeidslause i tillegg til at det er færre på eit arbeidsmarkedstiltak. Bruttoarbeidsløysa gjekk markert ned med 2500 personar.
Brei opptur
– Talet heilt ledige er no langt lågare enn på same tid i fjor. Dette er ein brei opptur som gjeld begge kjønn, alle aldersgrupper, alle fylker og alle yrker, seier statsråden.
Nedgangen det siste året har vore størst for ingeniør- og ikt-fag (-33 %) og industriarbeid (-27 %).
Fakta om arbeidsløysa i mai 2018
Ved utgongen av mai var det registrert 60.008 heilt ledige. I tillegg deltok 18.213 arbeidssøkararar på eit tiltak. Bruttoarbeidsløysa var dermed 78.221.
Sjå NAV si pressemelding for meir informasjon om arbeidsløysetala.