Historisk arkiv

900 færre heilt ledige i mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– Framleis blir det færre arbeidslause her til lands. Men vi legg oss ikkje på latsida av den grunn. Fleire skal i jobb, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Frå februar til mars blei i underkant av 900 færre registrert som heilt arbeidslause, justert for sesongsvingningar og brot i statistikken. Det svarar til ei arbeidsløyse på 2,3 prosent i mars, om lag likt med februar. 

Lågast i Sogn og Fjordane 

Størst nedgang i mars hadde Sogn og Fjordane (–7 prosent) og Vest-Agder (–5 prosent). Sogn og Fjordane er no fylket med lågast arbeidsløyse, medan det prosentvis er høgast arbeidsløyse i Østfold og Vestfold.

– Vi veit at mange i NAV-køa ønskjer å jobbe. Difor held vi tempoet oppe for at nye jobbar blir skapt og at fleire får brukt evnene sine i arbeidslivet, seier statsråden.