Foreslår endringar i pensjonstrygda for fiskarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Dato: 16.09.2021
I dag sender regjeringa på høyring eit forslag til endringar i lov om pensjonstrygd for fiskarar.
Pensjonstrygda for fiskarar er ei lovbestemd pliktig ordning som blei oppretta i 1957 for personar med fiske som hovudnæring.
Ordninga er ikkje tilpassa pensjonsreforma og har i tillegg finansielle utfordringar. I høyringsnotatet ligg eit forslag om at ordninga skal bli lukka slik at den på sikt vil bli avvikla.
Høyringsfristen er 16. desember 2021.