Presseinvitasjon: Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen mottek utgreiinga frå Trygdekoordineringsutvalet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.06.2021
Trygdekoordineringsutvalet blei sett ned i kjølvatnet av saken om Nav si feilpraktisering av folketrygdas opphaldskrav for rett til sjukepengar, pleiepengar og arbeidsavklåringspengar. Leiar for utvalet, Professor Halvard Haukeland Fredriksen (UiB), presenterer utgreiinga gjennom ein digital pressekonferanse tysdag 15. juni.
Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen mottek utgreiinga frå Trygdekoordineringsutvalet
Sjå sendinga her
Tid: Tysdag 15. juni kl. 08.30
Strømming: Alle kan sjå pressekonferansen digitalt her
Påmelding til spørsmålsrunden: Journalistar som ønskjer å melde seg på spørsmålsrunden kan gjere det i løpet av måndag 14. juni til presse@asd.dep.no. Ein får då tilsendt lenke til innlogging i ein videokonferanse etter at sjølve overrekkinga er over.
Foto: Dei som vil ha bilete frå overrekkinga kan melde ifrå på e-post.
Praktisk info:
Utvalsleiar Halvard Haukeland Fredriksen presenterer utgreiinga frå Bergen og vil vere tilgjengeleg frå Universitetet i Bergen.
Statsråd Røe Isaksen vil vere tilgjengeleg i Arbeids- og sosialdepartementet sine lokale i Akersgata 64.
Kontaktinformasjon:
Pressekontaktar:
Hanne Skodje
E-post: Hanne.Skodje@asd.dep.no
Tlf: 93262087
Lotte Brudevoll Nilsen
E-post: Lotte-Nilsen.Brudevoll@asd.dep.no
Tlf: 95766169
Utvalsleiar
Halvard Haukeland Fredriksen
E-post: halvard.fredriksen@uib.no
Tlf: 99260239
Fakta
Professor Haukeland Fredriksen har leia Trygdekoordineringsutvalet, som blei oppnemnt i statsråd 23. juni 2020. Utvalet blei bede om å gå gjennom trygdelovgivinga og forholdet til internasjonale avtaler med betydning for trygdekoordinering.