Presseinvitasjon: Statsråden mottar utreiing om arbeidslivet i framtida
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.06.2021
Utvalet som har vurdert ulike tilknytingsformer og verksemdorganisering i arbeidslivet leverer si utreiing til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen i dag.
Presseinvitasjon: Statsråden mottar utreiing om arbeidslivet i framtida
Sjå sendinga her
Utvalet har vurdert om reguleringane i arbeidslivet er tydelege nok når det gjeld utfordringar i dagens og framtidas arbeidsliv.
Representantar frå dei åtte hovudorganisasjonane i arbeidslivet og fire uavhengige har vore med i utvalet, som har arbeidd sidan hausten 2019.
Leiar for utvalet, advokat Jan Fougner, vil presentere utvalets vurderingar og forslag. Utvalsmedlemmar frå arbeidslivets partar vil òg vere til stades.
Tid: onsdag 23. juni, kl. 14.30 – 15.15
Adresse: Hovedbølet, Akersgata 64
Direkteoverføring i nett-tv
Journalistar kan melde seg på til adressa nedanfor. Hugs pressekort og legitimasjon.
Pressekontakter
Pressetelefon: 916 73 519
E-post: presse@asd.dep.no