Raskare busetting av flyktningar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Statsbudsjettet 2015
Pressemelding | Nr: 14030 | Dato: 08.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
Regjeringa aukar integreringstilskotet til kommunane med 50 millionar kroner for å bidra til raskare busetting og betre resultat i introduksjonsordninga. Styrkinga kjem i tillegg til løyvinga på 250 millionar kroner frå 2014.
- Rask busetting er viktig for at flyktningar med lovleg opphald kan starte liva sine ute i ein kommune. Jo raskare dette skjer desto raskare kan dei bidra med sine ressursar i arbeidsliv og lokalsamfunn. Busettinga ved utgangen av september er 19,2 prosent høgare enn på same tid i fjor. Vi må fortsette dugnaden saman med kommunane, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).
Integreringstilskotet skal gi kommunane ei rimeleg kostnadsdekning for busetting av flyktningar, og bidra til at kommunane kan tilby gode introduksjonsprogram. Per 30. september venta 5 148 personar i mottak på å bli busette. Prognosane for 2015 viser at det er behov for å busette om lag 11 000 flyktningar i norske kommunar.
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til busetting av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar til innslagspunktet for toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Dette skal bidra til raskare busetting av flyktningar som treng særskilt oppfølging eller tilrettelegging i kommunane.
Tilgang til bustad er ei utfordring i mange kommunar. Kommunal- og moderniseringsdepartementets styrking av tilskot til utleigebustadar med 50 millionar kroner er derfor eit viktig tiltak for å bidra til auka busetting. Løyvinga kjem i tillegg til 100 millionar kroner frå Revidert nasjonalbudsjett for i år.
Fornying og effektivitet
Regjeringa er opptatt av fornying og effektiv ressursbruk, og set derfor i gang eit toårig prøveprosjekt der fylkesmennene i Hordaland og Østfold overtek enkelte busettingsoppgåver med sikte på å auke busettinga. Eit nytt IKT-system for busetting og integrering er under utvikling i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). IKT-systemet skal effektivisere arbeidet og auke kvaliteten i dialogen med kommunane, og gi betre rapportering på resultata frå arbeidet. Regjeringa foreslår å sette av ytterlegare 7,5 millionar kroner til det nye IKT-systemet i 2015.