Satsing på barn og ungdom 2014
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Årleg publikasjon frå departementet
Nyhet | Dato: 12.02.2014
I publikasjonen finn du den samla politikken til regjeringa på barne- og ungdomsområdet.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gir årleg ut eit hefte som heiter ”Satsing på barn og ungdom. Regjeringens mål og innsatsområder i statsbudsjettet 2014”.
I publikasjonen finn du den samla politikken til regjeringa på barne- og ungdomsområdet. Den inneheld mellom anna ei oversikt over alle tiltak og budsjettpostar som gjeld barn og unge i statsbudsjettet for 2014. Publikasjonen er òg eit oppslagsverk som kommunane kan nytte for å betre samordninga av tilbod til barn og ungdom på statleg, regionalt og kommunalt nivå.
Det er viktig å skape ein kultur der ulike tenester deler kunnskap. Slik vert det lettare å jobbe mot eit felles mål. Innsats frå frivillig sektor og dialog med barn og ungdom er også viktig. Vi håper denne publikasjonen kan vere med å gi oversikt og kunnskap om alle dei satsingar som fins for å skape eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom i Noreg.