Tilskot til samlivstiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nyhet | Dato: 18.02.2015
Det er sett av 6,6 millioner kroner til organisasjonar og institusjonar som jobbar med samlivstiltak.
– Barn skal ha ein trygg og god oppvekst, og det er viktig å koma tidlig inn for å førebyggja samlivsbrudd og konfliktar. Trygge foreldre gir trygge barn, seier barneminister Solveig Horne.
Målsettinga med tilskotsordninga er å stø opp om samlivet i parforhold og å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing. Det er også rom for å gje stønad til tiltak som er retta mot familiar med høgt konfliktnivå. Samliv i utradisjonelle samlivsformer og foreldresamarbeid etter samlivsbrot ligg også innanfor føremålet for tilskotsordninga.
– Vi har no lyst ut 6,6 millioner kroner til samlivstiltak, dette er ein auke på 65 prosent frå i fjor. Eg håper at mange frivillige organisasjonar og institusjonar vil søke om midlar, seier statsråden.
Du finn meir informasjon om tilskotsordninga og korleis du søker på midlene på Bufdir sine nettsider.