Høyringsseminar om tolking i offentleg sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nyhet | Dato: 11.02.2015
Måndag 2. mars arrangerer Integrerings- og mangfaldsdirektoratet høyringsseminar om den offentlege utgreiinga om tolking i offentleg sektor.
Høyringsseminar
Den offentlege utgreiinga om Tolking i offentleg sektor vart sendt på høyring 2. desember 2014 med frist 31. mars 2015. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor og arrangerer høyringsseminar om utgreiinga 2. mars. Utvalsleiar Anne Kari Lande Hasle vil presentere NOUen ved starten av seminaret.
Betre grunnlag for innspel
Føremålet med seminaret er å gi høyringsinstansane eit betre grunnlag når dei skal sende inn sine innspel og kommentarar til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Seminaret vert arrangert 2. mars, frå 13.00 til 15.35, i IMDis auditorium i Tollbugata 20.
Her kan du melde deg på seminaret.
Her kan du lese meir om tolkeutvalet.
Førebels program
Forslag til program - Høringsseminar 2. mars fra 13.00 til 15.35 |
||
13.00 - 13.05 |
|
Åpning ved Geir Barvik (IMDi) |
13.05 - 13.35 |
|
Presentasjon av NOU ved Anne Kari Lande Hasle (utvalgsleder) |
13.35 - 13.50 |
|
IMDi ved Liv Kolstad Zehouo |
13.50 - 14.00 |
|
Tolkesentralen ved OUS ved Hanne Løfsnes |
14.00 - 14.15 |
|
Norsk tolkeforening ved Siri Fuglseth |
14.15 - 14.30 |
|
Pause |
14.30 - 14.45 |
|
Bufdir |
14.45 - 15.00 |
|
KS og Trondheim kommune ved Ellen Edvardsen |
15.00 - 15.15 |
|
Tolkebyråenes bransjeforening ved Richard Engen |
15.15 - 15.30 |
|
LDO ved Heidi Wyller |
15.30 - 15.35 |
|
Avslutting ved Liv Kolstad Zehouo |