Opptrappingsplan mot vald og overgrep
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 29.08.2016
Regjeringa arbeider med ein opptrappingsplan som skal redusere vald i nære relasjonar og syte for betre hjelp til barn som er utsette for vald og overgrep. Planen skal lanserast i løpet av hausten.
- Omfanget av vald og overgrep er for stort og konsekvensane er svært alvorlege både for den enkelte og for samfunnet. Derfor blir dette ein viktig plan som både skal peike på korleis ein kan arbeide for å unngå at vald og overgrep skjer, men også korleis ein betre kan hjelpe den enkelte, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).
Opptrapping på fleire felt
I juni vedtok eit samla storting at det skulle fremmast ein opptrappingsplan for innsatsen mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn. Planen vil ta føre seg ei rekke område, som førebygging og tidleg innsats, kunnskap blant dei som møter valdsutsette, gode helsetenester og rettstryggleik og politiets arbeid.
- Valdsofre har krav på hjelp og beskyttelse og ei god behandling i politi- og rettsvesen. Det er også heilt grunnleggande at dei som dagleg jobbar tett på barn og unge både har kompetanse til å spørje om vanskelege tema og kompetanse til å handtere vanskelege svar. Dessutan er brukarmedverknad og barns eigne synspunkt viktig. Eg har derfor nyleg møtt barn som har opplevd vald i familien. Deira erfaringar er svært viktige for meg og noko eg har tatt med meg inn i arbeidet, seier Horne.
Mykje godt arbeid
Opptrappingsplanen vil støtte seg på, og jobbe vidare utifrå, planane som allereie fins på dette feltet, handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, Et liv uten vold (2014- 2017) og tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014- 2017). Eit av tiltaka i sistnemnte plan var å sette ned eit utval som skal gjennomgå saker der barn og ungdom har vorte utsette for grov vald, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgssvikt. Dette er det fyrste utvalet i sitt slag på barnevaldsfeltet.
- Det er gjort mykje godt arbeid mot vald dei siste 15 åra. Sidan vi tiltredde har Regjeringa styrkt arbeidet ytterlegare, mellom anna ved å legge fram ein eigen tiltaksplan. Saman med KrF og Venstre har regjeringa auka støtta til helsestasjonane og vi har hatt ei historisk satsing på familievernet. Barnehusa er styrkt med 88 millionar kroner i år og vi har støtta det nye senteret for valdsutsette barn, Stine Sofie Senteret, med 15 millionar kroner. Det er likevel stadig store utfordringar på feltet som vi no vil møte med ein fornya og forsterka innsats, seier statsråden.