Forenklingar i foreldrepengeordninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 01.09.2017
Regjeringa har i dag lagt fram forslag for Stortinget om endringar i folketrygdlova. Føremålet er eit enklare regelverk for foreldrepengar.
- Regjeringa ønskjer å forenkle regelverket for foreldrepengar. Med desse endringsforslaga blir det lettare for brukarane å setje seg inn i reglane og dermed blir det også enklare for dei å finne fram til kva dei har krav på, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.
Endringsforslaga går mellom anna på å fjerne regelen som gir kombinert utbetaling av foreldrepengar og eingongsstønad, og fjerne tilgangen til å ombestemme seg når ein fyrst har fått ei yting. I ny sjølvbeteningsløysing vil foreldra lettare sjå i forkant kor mykje dei vil få utbetalt om dei vel eingongsstønad eller foreldrepengar. Dermed blir det enklare for dei å ta dette valet.
Forslaget legg også opp til å fjerne kravet om at foreldrepengar må takast ut samanhengande i minst 30 dagar før uttak kan utsettast. Dette vil gjere det enklare for foreldra og gi dei meir fleksibilitet. Vidare føreslår departementet lovfesting av praksis på to punkt. Dette vil ikkje innebere endringar i foreldra sine rettar, men det vil bli lettare for dei å sette seg inn i kva reglar som faktisk gjeld.
Regjeringa vil også fjerne regelen om samordning mellom eingongsstønad og sjukepengar. Det inneber at eingongsstønaden ikkje lenger vil avkortast mot sjukepengar som er utbetalt etter fødsel eller omsorgsovertaking.
Forslaga vil i avgrensa grad innebere endringar for foreldra, men vil gjere regelverket enklare å forstå for brukarane. Regelverket er komplisert, men med desse forslaga tar vi skritt i riktig retning. Regelverket vil også bli enklare å forvalte for NAV og det vil bli lettare for NAV å utvikle nytt IKT-system for foreldrepengar.
- Endringane gjer at det blir enklare for NAV å byggje nye IKT-system som vil leggje til rette for meir sjølvbetening. Nye system og forenkla regelverk vil gi ein enklare og betre kvardag for familiane, seier statsråd Horne.