Statsbudsjettet 2018:
Historisk kompetanseløft i barnevernet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2017
Regjeringa føreslår over 80 millionar kroner til kompetanseheving i det kommunale barnevernet for å hjelpe barn i barnevernet tidlegare og betre.
Satsinga er ein del av barnevernsreforma som blei vedteken i Stortinget i juni. Reforma vil gi kommunen eit større ansvar for barnevernet. Kompetanseheving er ein grunnleggande føresetnad for auka kommunalt ansvar.
- Kommunane får no eit historisk kompetanseløft. Dette vil auke kompetansen i barnevernet og bygge opp førebyggjande tilbod til barn og familiar som er i ein vanskeleg situasjon, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP), og legg til:
- Satsinga skal gå til nye vidareutdanningar, opplæringsprogram og utviklingsprosjekt. Vi startar også arbeidet med å forbetre grunnutdanningane og vurdere innhald og omfang i tilbodet om masterutdanningar i barnevern.
Regjeringa vil i haust legge fram ein eigen kompetansestrategi for det kommunale barnevernet.
- Det er eit stort behov for eit kompetanseløft, og difor aukast løyvingane til kompetanseheving no frå 30 til 80 millionar kroner. Tilsette i barnevernet sjølve har vore tydelege på at dei treng meir kompetanse og betre tiltak i oppfølginga av utsette barn og familiar, seier barneministeren.
Kompetansetiltaka skal gje dei tilsette auka kompetanse i å utgreie barna sine behov og sette inn riktig hjelp i krevjande barnevernssaker.
- Medverknad og samarbeid med barn og deira familiar og nettverk er viktig. Betre kvalitet i barnevernet sitt hjelpetilbod kan førebyggje at barn må flytte heimanfrå. Målet er tidlegare og betre hjelp til barn i barnevernet, seier Solveig Horne.
Regjeringa føreslår mellom anna desse kompetansetiltaka:
- Tilbod om vidareutdanning til tilsette styrkast, og regjeringa føreslår 32 millionar kroner neste år. Midla skal brukast til studieplassar og tilskot til arbeidsgivarar som har tilsette som tek vidareutdanning. Nye vidareutdanningar som tek til hausten 2018 skal gi auka kompetanse i arbeid med krevjande saker. Eksisterande vidareutdanningar i barnevernsleiing, barnevernsfagleg rettleiing og barnevern i eit minoritetsperspektiv skal vidareførast i 2018.
- Barnevernstenestene skal få tilbod om å delta i eit nytt opplæringsprogram om undersøkingar og tiltaksarbeid i barnevernet, og regjeringa føreslår 22 millionar kroner til føremålet. Dette startar opp allereie i haust. Programmet skal legge vekt på samarbeid med barn, og med barna sine familiar og nettverk. Det skal også gi auka kompetanse om barn med trauma. Innhaldet i opplæringa skal bygge på dei tilsette sine eigne erfaringar.
- For å legge til rette for at kommunane samarbeider meir om felles utviklingsprosjekt, og for å redusere sårbarheita i små fagmiljø, føreslår regjeringa 7 millionar kroner til fylkesmennene. Pengane skal legge til rette for kommunale læringsnettverk i kvart fylke. Fylkesmannen skal òg forvalte stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt i kommunane. Regjeringa føreslår 9,5 millionar kroner til føremålet.
- Det skal etablerast rettleiingsteam som skal tilby bistand og leiarstøtte til kommunar med høg risiko for svikt i barnevernstenesta. Regjeringa føreslår 6 millionar kroner til dette. Tilbodet skal gjelde kommunar som over tid har store utfordringar i barnevernet eller kommunar der det er avdekka alvorleg svikt i barnevernstilbodet.
- Regjeringa føreslår til saman 6 millionar kroner til utvikling av eit kvalitetssystem for barnevernet, dialogmøter retta mot kommuneleiinga, og administrative utgifter i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.