Invitasjon til pressekonferanse:
Statsråd Solveig Horne mottek NOU frå barnevaldsutvalet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 17011 | Dato: 14.06.2017
Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) tek torsdag 22. juni i mot ei offentleg utgreiing frå utvalet som har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vorte utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.
Oppgåva har vore å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har vore svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av desse sakene. Utvalet vart oppnemnt 13. november 2015 og vert leia av Ann-Kristin Olsen. Les meir om utvalet og mandatet.
Tid: Torsdag 22. juni klokka 10:00
Sted: Plenumsalen, R4. Inngang frå Møllergata 17
Vi ber om oppmøte i god tid. Legitimasjon må visast ved inngangen.
Pressekonferansen blir overført på nett-TV på regjeringa.no, og utgreiinga vert også publisert på nett.
Spørsmål rettast til pressekontakt Ingrid Brandal Myklebust, 995 01 917.
Statsråd Solveig Horne mottek NOU frå barnevaldsutvalet
Sjå sendinga her