Vil innføre mulegheit for DNA-testing for å hindre misbruk av norsk statsborgarskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 03.04.2017
Regjeringa sender på høyring forslag til endringar i barnelova og statsborgarskapslova for å kunne krevje DNA-test ved erklæring av farskap for barn fødde i utlandet. Føremålet er å hindre at personar får norsk statsborgarskap på feil grunnlag.
- Barn som er fødde i utlandet manglar ofte fødselsattest. Det kan skape tvil om barnets identitet og ein risikerer at barnet har ein annan far og allereie er statsborgar i sitt fødeland. Desse endringane er godt i samsvar med Noregs plikt etter menneskerettane til å hindre at barn mister sin identitet og sitt statsborgarskap. Det er også godt i samsvar med Noregs plikt til å arbeide mot at barn vert skilde frå foreldra sine, seier statsråd Solveig Horne.
- Bakgrunnen for forslaget er at utanriksstasjonane har meldt bekymring for at det blir erklært farskap på feil grunnlag for å få norsk statsborgarskap. Dersom ein av foreldra til eit barn er norsk statsborgar, blir barnet også norsk statsborgar. Eit norsk statsborgarskap gir omfattande rettar i Noreg. DNA-testing vil gi styresmaktene ei mulegheit for kontroll av om farskapet er reelt der det er naudsynt, seier innvandrings- og integreringsminister Per Sandberg.
Les heile høringsforslaget her.
Erklæring av farskap
Farskap kan i dag erklærast overfor fleire instansar i Noreg, og på utanriksstasjonane. Det er særlege identitetsutfordringar knytt til barn som er fødde i utlandet, og per i dag har styresmaktene ingen mulegheit til å føre kontroll med om fedre som møter opp for å erklære farskap, faktisk er far til barnet.
I høyringsforslaget er det understreka at DNA-heimelen berre skal gjelde når det er naudsynt å teste fordi det er tvil om identiteten til barnet eller foreldra eller det er grunn til å tru at det er gitt opplysningar om farskap som ikkje er riktige for å oppnå norsk statsborgarskap til barnet. Lovendringa gjeld for alle barn som blir fødde i utlandet når det vert erklært farskap, dersom vilkåra for å krevje DNA-test er oppfylte.
Forslaget vert no sendt på høyring med 12 vekers høyringsfrist.