I gang med ungdomssatsing
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 12.11.2018
Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland er på reise rundt i landet for å samle flest mulig meiningar om ny ungdomspolitikk direkte frå ungdommar. Førre veke starta ho turneen saman med ungdommar i Trøgstad.
- Eg trur vi ungdommar i dag er snillare enn foreldra våre var, vi oppfører oss betre. Den største utfordringa er nok å passe inn og å ha noko fornuftig å drive med på fritida, særleg viss du ikkje likar handball, fotball eller ski. Derfor er det fint å ha tilbod som Mekkegarasjen, seier Ole Sofus Haakaas, leiar for ungdomsrådet i Trøgstad.
Mekkegarasjen er eit gratis tilbod til unge i Trøgstad, der dei kan henge på ettermiddagen og dyrke ein felles hobby: å mekke. Mekkegarasjen var ein av stadane Ole Sofus og dei andre viste fram for statsråden då ho besøkte Trøgstad. I tillegg til å prøve å mekke, fekk barne- og likestillingsministeren vere med på rulleskitrening og ete lunsj med einslege mindreårige flyktningar. Statsråden fekk også høyre om utfordringar med å kome seg rundt når ein ikkje har lappen, og fekk traktorskyss med ein lokal 17-åring mellom besøka.
- Eg blir så glad av å vere ute og møte desse ungdommane. Eg er opptatt av at vi ikkje berre må ha eit godt tilbod for organiserte fritidsaktivitetar. Ungdom treng også møteplassar som Mekkegarasjen der dei kan dukke opp når dei vil og møte andre med same interesse. Dette gav gode minner til oppveksten min i Klæbu, seier statsråden.
Landet rundt for å møte ungdom
Besøket til Trøgstad var det første av fem besøk statsråden skal gjere som ein del av regjeringa si ungdomssatsing. 20. november reiser ho til Bergen, 26. november til Lillesand, 6. desember til Molde og 28. og 29. januar til Sør-Varanger.
Målet med ungdomsbesøka er å snakke med unge frå ulike delar av landet og i ulike livssituasjonar. Under besøka blir det arrangert ein kafédialog der unge i det lokale ungdomsrådet sjølv har vore med å bestemme kva tema som skal diskuterast. På kafédialogen i Trøgstad kom det mange gode innspel til kva som er utfordrande med å vere ung i dag.
- Eg syns det er interessant at så mange nemner dette med skulepress, men også presset som følgje av sosiale media, anten det er press til kva dei skal ha på seg, korleis dei ser ut eller kva dei gjer. Dette er den første heildigitale generasjonen, og vi veit enda ikkje kva konsekvensar det har for sjølvkjensla deira å vere pålogga heile tida. Eg set stor pris på å høyre frå ungdommane sjølve korleis dei opplever dette , seier Helleland.
For dei som vil gi statsråden innspel til kva en ny ungdomspolitikk bør innehalde, er det den neste tida både ei spørjeundersøking og mulegheit til å skrive sine innspel på www.ung.no.